tirsdag 23. oktober 2012

Isberg; Nynorsk roman

Isberg av Lars Ove Seljestad.

Eit veldig snøras knuser eit grønt hus. Ekteparet som ligg og søv i huset, dør i ulykka. I kjellaren ligg ein ung gut. Innestengt av den kalde snøen. Han hører huset skrika. Då raset er over, er han åleine. Gjennom nøye utvalde scener følgjer vi livet hans etter den skjelsettande hendinga. Det går eit ras gjennom denne boka. Dette er ei rystande fortelling om tap, einsemd og vald. Den viser korleis ein kjensleskadd ungdom blir til ein hemnar fylt av menneskeforakt. Romanen stiller spørsmål om menneskenaturen, om den unge mannens manglande empati og beredskap til vald mot andre menneske. Lars Ove Seljestad debuterte med romanen "Blind" i 2005. Han har og gitt ut romanane "Frægd" (2009) og "Fjorden" (2011).
"Kulde og sinne heng saman i ei lyrisk skildring av natur-krefter i og utanfor menneska. (...) Det er ei sterk historie. Seljestad er god på sinne. Han ser inn i dei som stiller seg utanfor, som ikkje passar inn, og viser fram det boblande, sydande, ukommuniserte."
Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

"Poetisk og mørk roman (...) Seljestad har, etter 22. juli-tragedien, skrive sin mørke versjon av korleis ein ung mann kan ende opp som ein drapsmann. Og når forfattaren skriv inn Utøya heilt i slutten av romanen, på ein uventa og poetisk, var måte, får denne lesaren isfrysningar på ryggen."
Brynjulf Jung Tjønn, VG (terningkast 5)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar