tirsdag 23. oktober 2012

Armenia, Albania, Argentina. Nynorsk roman.


Armenia, Albania, Argentina av Rønnaug Kleiva.
I denne romanen, bygd opp av korte notat og forteljingar, følgjer vi hovudpersonen Rønnaug gjennom fleire land. Kontrastane er store når ho reiser gjennom både vanlege feriebyar og farlege utkantområde. Det handlar om å reise åleine i verda som vestleg kvinne. Rønnaug treffer gamle vennar og elskarar undervegs, og boka tematiserer det å bli eldre.
Med varme og humor, og i sin velkjente nøkterne stil, kombinerer Kleiva den indre eksistensielle og den ytre geografiske reisa på ein elegant måte.
 
Frå bokmeldingar
Kleiva har eit alvorleg ærende. Kanskje pirkar ho borti eit tabu eller to. Er det angst for sjukdom, alderdom og død som driv henne? … Gjennom eit presist språk framstår boka som så ærleg som eit stykke reisefiksjon kan. Så kvifor reiser ho? Fordi døden sit i setet ved sidan av? Fordi ho blir fri frå sitt heimlege eg og kan sleppe prosaen laus? Dette er ei interessant bok som kan få ein til å reflektera over eigne val og naudsynte turar med pass i baklomma.
Vidar Kvalshaug, Aftenposten


Du kan låne boken på biblioteket: http://websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/detail.aspx?Unit=28399&db=ostfold-vgs-felles&Id=121260&SW=Armenia,%20Albania,%20Argentina%20:%20roman&SC=FT&LB=FT&MT=0&SU=28403&DG=0&ST=Normal&Browse=1&P=1

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar