tirsdag 23. oktober 2012

Det var DDR; Forteljingar om eit nedlagt land.

Det var DDR; Forteljingar om eit nedlagt land.
 
3. oktober 1990 vart DDR lagt ned og Tyskland samla. Det var slutten for statssosialisme, Berlinmuren og Stasi, men også for eit samfunn utan arbeidsløyse. Denne boka byr på forteljingar om det som er att etter DDR i dag. Her møter du folk med merkelege, opprørande og triste historier. Alt frå stasimedarbeidarar og leiande personar i kommunistpartiet, til menneske som vart offer for eit brutalt diktatur. Alle desse historiene har sin plass i den store forteljinga om DDR.
Astrid S. Dypvik har møtt ei rekkje menneske som på ulikt vis har merke etter landet som vart borte. Vera Lengsfeld vart spionert på av ektemannen. Han leverte jamleg rapportar om henne til Stasi. Katrin Behr vart tvangsadoptert bort frå mora som fireåring og er i dag leiar for organisasjonen Hjelp til offer for DDR-tvangsadopsjonar. Mario Röllig som Stasi prøvde å verva som agent, men som sa nei, fekk livet rasert og enda i Stasis hemmelege varetekstfengsel. Men du møter også Lothar de Maizière, DDRs einaste folkevalde statsminister nokon gong. Og Helmut Müller som var medlem av sentralkomiteen i DDR. Han er ein av dei som skulle hatt idéane, sett løysingane og komme med initiativ hausten 1989. I staden vart han og resten av det veldige partiapparatet vitne til at heimlandet forsvann.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar