onsdag 15. august 2012

Kamp: sakprosa i utval.

Kamp: sakprosa i utval av Kristofer Uppdal.

Denne samlinga skisser, essay, reiseskildringar, bokkritikkar og debattartiklar kastar nytt lys over eit vesentleg forfattarskap. For første gong er dei viktigaste sakprosatekstane til Kristofer Uppdal samla, artiklar som ikkje har vore trykte oppatt på snart hundre år. Det meste er dermed ukjent materiale.


Uppdal heldt fram demokratiet som framtidsvegen for norsk arbeidarrørsle alt i 1918, mens Arbeidarpartiet drømte om ein Sovjet-revolusjon. Han kritiserte Kristiania for å ha dansk sjel. Dei som innførte forbodstida var etter hans syn jesuittar. Uppdal skreiv gjerne harme innlegg i samfunnsdebatten, om dei sosiale tilhøva, om språket og om kåra for diktarane. Han kritiserte styresmaktene for å gråte på gravene til utstøytte diktarar, og spurte: Kva er samfunnsverdien av eit diktverk? Og kva får forfattarane i løn? Sjølv fikk han diktarløn alt for seint, da hadde han sete si tid på Gaustad.

I norsk sakprosas litteraturhistorie er Kristofer Uppdal fråverande. Derfor er denne boka eit viktig bidrag til å syne fram det frie ord.   Du kan låne den på biblioteket: http://websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/detail.aspx?Unit=28399&db=ostfold-vgs-felles&Id=120069&SW=Kamp%20:%20sakprosa%20i%20utval%20(1897-1961)&SC=FT&LB=FT&MT=0&SU=28403&DG=0&ST=Normal&Browse=1&P=1

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar