onsdag 15. august 2012

Ho som var så søt.

Ho som var så søt av Rune Belsvik.

Berit nærmar seg 60 år. Etter ho blei uføretrygda frå lærarjobben har ho levd eit rolig liv, stort sett heime i huset. Ho les bøker, strikkar, og lagar middag til mannen som framleis er i arbeid. Men ho blir stadig plaga av gamle minne. Det som plutselig skjedde den gongen, då ho gjekk siste året på ungdomsskulen. Det var jo så å seia ingenting i forhold til alt det andre som skjer i verda. Men gong etter gong krev det liksom å bli tenkt gjennom. Ute er det iskald vinter. Svære haugar med snø ligg over hus og landskap.


Rune Belsvik tar oss rett inn i uroa til ei ung kvinne, og fortel om hennar erfaringar og utforsking i møte med menn. HO SOM VAR SÅ SØT er eit truverdig og sterkt kvinneportrett. Det er godt gjort av ein mann å skrive så åpent og medrivande om korleis overgrep kan prege eit heilt liv.

Misbrukt kvinneliv

"Det Belsvik gjer, er å syna stadia fram til ho har blitt den kraftlaust suisidale kvinna ho er. Ho har visseleg ikkje blitt berga av ektemann og trygt familieliv, med ein ektefelle som er like kjærleg, overberande, realitetsvegrande «snill» som ho sjølv i si tid var preg- og kjernelaust «søt». Det er trøysteslaust. Det er effektivt skrive."
Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

Du kan låne den på biblioteket: http://websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/detail.aspx?Unit=28399&db=ostfold-vgs-felles&Id=120068&SW=ho%20som%20var%20s%C3%A5%20s%C3%B8t&SC=TI&LB=TI&MT=0&SU=28403&DG=0&ST=Normal&Browse=1&P=1

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar