fredag 25. mai 2012

Afrikas tid

Afrikas tid av Asbjørn Eidhammer.
«Denne boka er guiden til det nye Afrika.»

Tidligere miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Afrikas tid er eit bidrag til å forstå Afrika betre i eit bistandsperspektiv. Gjennom forteljing, fakta og teori søkjer forfattaren å komme nærmare ei forklaring på det som har skjedd dei siste tiåra, og å peike i retninga av ei muleg framtid i dei neste. Eidhammer går bak mytane om Afrika og afrikanarene, men også mytar om bistanden og kva for ei rolle bistanden spelar. Forfattaren skisserer ei sannsynleg og muleg framtid for Afrika og ein bistand som kan bidra til at framtida blir betre. Føreord av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.
Boka er utgiven med tilskot frå Norsk kulturfond.
Asbjørn Eidhammer er utdanna statsvitar og har arbeidd med utviklingspolitikk og Afrika dei siste tretti åra. I elleve av dei har han budd i afrikanske land. Eidhammer var evalueringsdirektør i Norad frå 2006 til 2011 og er nå norsk ambassadør til Malawi.

Du kan låne den på biblioteket: http://websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/detail.aspx?Unit=28399&db=ostfold-vgs-felles&Id=119377&SW=Afrikas%20tid&SC=FT&LB=FT&MT=0&SU=28403&DG=0&ST=Normal&Browse=1&P=1

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar