onsdag 20. mars 2013

Den mørke porten. Nynorsk krim!

Den mørke porten av Lars Mæhle.

Ein mann blir drepen på brutalt vis i ein kyrkjeruin, same stad som psykologen Karsten Scheel blei funnen myrda fem år tilbake. Ina Grieg, Scheels kollega og hemmelege elskar, blir inkludert i etterforskingsteamet. Kjensla av at ho er med i teamet på nåde, gjer at Ina Grieg finn uortodokse metodar for å få etterforskinga framover. Hennar gamle venn og mentor, den pensjonerte psykologprofessoren Trygve Winther, viser seg å bli til stor hjelp. Snart blir det klart at dei står ovafor ein seriedrapsmann besett av hemn. Og Ina må kjempe mot fleire demonar i jakta på fienden, ikkje minst sine eigne.
 
Den mørke porten vart selt til Tyskland før lanseringa i Noreg. Det prestisjetunge forlaget Ullstein Buchverlag, satsar på Mæhle på den tyske marknaden. Frå før har forlaget krimforfattararar som Jo Nesbø, John le Carre og Lisa Marklund i stallen.
 
Du kan låne boken på biblioteket: http://tinyurl.com/cskkejm
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar