mandag 4. juni 2012

Sirius. Ny krim på nynorsk!

Sirius av Eli Haugen Indrestrand.
Var det ei død kvinne ho såg? På turen frå Gjersetvatnet og ned til Synnalandsvatnet har Randi ein strålande og fargesprakande himmel mot seg. Ho nyt naturen men freden blir brått knust av eit skrekkeleg syn. Livet blir snudd opp ned på nokre sekund. Marerittet har starta. Politiet finn ikkje noko lik og konkluderer med at Randi truleg har overraska eit elskande par som gøymer seg. Også Randi prøver å slå seg til ro med den tanken. Heilt til nye ting tek til å skje. Folk i den vesle sunnmørsbygda er redde. Ein drapsmann går laus: Er det ein dei kjenner? Og kven er den døde? Ingen er meldt sakna.

Du kan låne den på biblioteket: http://websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/detail.aspx?Unit=28399&db=ostfold-vgs-felles&Id=119765&SW=Sirius&SC=FT&LB=FT&MT=0&SU=6603&DG=0&ST=Normal&Browse=1&P=1

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar